Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Signering av samarbeidsavtale

I dag har Fyresdal kommune ved Erik Skjervagen og Telemark fylkeskommune ved Sven Tore Løkslid signert ei samarbeidsavtale mellom kommunen og fylkeskommunen.

Føremålet med avtala er å sikre ein tett dialog og eit forpliktande samarbeid mellom Fyresdal kommune og Telemark fylkeskommune om felles utfordringar. Avtala skal bidra til å løyse felles problemstillingar forankra i partane sine planar, og bidra til å nå målsettingane nedfelt i Regional planstrategi 2012-2016, Bærekraftige Telemark og kommuneplan for Fyresdal 2014-2026.

Avtala gjeld for perioden 2016-2019.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk