Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fristen er 15. mars!

Skuleinnskriving for barn fødde i 2011

Melding om innskriving i skulen fyllast ut på elektronisk skjema på kommunen si heimeside. 

Alle nye 1. klassingar vil bli invitera til ein dag på skulen. Elevane vil få brev frå skulen.

Barnehageplass 2017/2018

Nytt barnehageår startar måndag 21.08.2017. 

Det trengst ikkje søkjast for barn som allereie har barnehageplass. Nye søkjarar og dei som ynskjer endring må søkje innan fristen for hovudopptaket. 

I handsaminga av statsbudsjettet for 2017 har Stortinget fatta vedtak om at barn født i november skal få rett til barnehageplass: Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett på plass frå den månaden dei fyller eitt år. Retten gjeld bare viss det er søkt innan 15. mars til hovudopptaket. Barn som fyller eitt år seinare enn dette og ynskjer barnehageplass i barnehageåret 2017/2018 må søkje til hovudopptaket 15. mars 2017. Det blir tildelt plass ut frå retningslinjene i vedtektene for Fyresdal barnehage. 

Søknaden fyllast ut på elektronisk skjema på kommunen si heimeside.

Skulefritidsordning 2017/2018

Det treng ikkje søkjast for elevar som alt har plass, dei beheld denne til dei byrjar i 5. klasse. Dei som ynskjer endring må søkje innan fristen for hovudopptaket, dette gjeld også for oppseiing av plass. Nye søkjarar som ønskjer plass frå skulestart 2017/2018 må søkje innan 15. mars til hovudopptaket. Søknader som kjem utanom hovudopptaket blir tildelt plass dersom det er ledig og ut ifrå retningslinjene i vedtektene til SFO. 

Søknaden fyllast ut på elektronisk skjema på kommunen si heimeside.

Kulturmidlar 2017

Som vedlegg må de legge ved:

- Årsmelding 2016
- Årsrekneskap 2016
- Budsjett 2017
- Målsettingar og handlingsplan for 2017

Søknaden fyllast ut på elektronisk skjema på kommunen si heimeside.

Her finn de dei ulike elektroniske søknadsskjema

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk