Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sym deg til Kroatia

"Svøm langt" er Norges Svømmeforbunds årlege mosjonskampanje, som gjeng føre seg i perioden 1. januar til 31. mars kvart år. Kampanja skiftar namn kvart år avhengig av kva reisemål hovudpremien har. Hensikten er å skape gode mosjonsvaner for den norske befolkninga ved å motivere dei til å bruke symjehallen som arena for fysisk aktivitet. Målet er at flest mogleg vaksne sym 10 000 meter i kampanjeperioden, og flest mogleg barn (til og med fylte 13 år) sym 2 500 meter.

Norges Svømmeforbund (NSF) er opptatt av å tilby motiverande aktivitetar for alle som bruker symjehallane, uansett om dei er medlemer av NSF eller ikkje. Kampanja er eit lavterskeltilbod då kampanjan er gratis for både deltakarar og symjehallar.

"Svøm langt" er ein nasjonal mosjonskampanje. Cirka 250 symjehallar over heile landet er med på kampanja.

Undersøkingar hos symjehallane viser at kampanja er med på å få folk til å mosjonere meir. Symjehallane melder om nye mosjonistar, og at dei som allereie mosjonerer sym meir enn vanleg i løpet av kampanjeperioden. I 2016 meldte heile 76 % av alle symjehallane om auka besøk som følgje av kampanja og nesten alle hallar (96 %) ser på kampanja som eit positivt tiltak for å styrke symjing som mosjonsaktivitet. Dette viser godt at kampanja har ønska effekt både for mosjonistane og symjehallane.

Støtt opp om symjing som ein fantastisk mosjonsaktivitet!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk