Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

TV-aksjonen 2016

Så er TV-aksjonen 2016 Røde Kors vel i hamn. Det kom inn litt over kr. 70 000 alt i alt i Fyresdal. Dette var veldig flott, tusen takk til alle som gav bidrag til TV-aksjonen. 

Vi vil også rette ein stor takk til bøsseberarane, Sparebanken Sør, avdeling Fyresdal som hjelpte oss med og tele opp bidraga som kom inn, Fyresdal Røde Kors som stilte opp med bakverk utanfor banken sundagskvelden, samt forretning som gav bereposar til å ha bøssene i.

Det gjekk greitt å få folk til å gå med bøsse, og aksjonskomiteen fekk bøsseberarar til alle rutene slik at alle husstandar skulle få besøk aksjonsdagen. 

Vi i aksjonskomiteen startar arbeid med å finne bøsseberarar i midten av september månad kvart år. Komiteen oppfordrar dei som kan tenkje seg å gå med bøsse neste år om og melde seg til Fyresdal kommune ved sentralbordet eller på bøsseberardatabasen, og helst før 15. september. Vi treng dykk!

Helsing TV-aksjonskomiteen;

Anne Serine Nærum, Martha Schrøder Momrak, Svein Olaf Slyngstad, Marit Nygård Dale, Merethe J. Reinskås.
Representant Fyresdal Røde Kors var også med i aksjonskomiteen.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk