Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Utan tannlegetilbod

Tannlegetilbodet er eit fylkeskommunalt tilbod og Fyresdal kommune har for tida ikkje slikt tilbod tilgjengeleg

Personar som har rett til tannlegebehandling må få dette tilbodet utanom kommunen i perioden dette gjeld.

Fylkestannlegen har hatt kontakt med klinikkleiar ved Vinje tannklinikk og Seljord tannklinikk. Pasientar kan sjølve velje kvar av desse stadane det er enklast å kome seg til.

Det vil vere tilbod om nødvendig tannbehandling til barn og unge, eldre og kronisk sjuke. Pasientar som ventar på kontrolltimar vert ikkje kalla inn.

Kontakt

Seljord tannklinikk: telefon 35 05 01 59
Vinje tannklinikk: telefon 35 07 24 80

Satsane for eigenandelar og reise til behandling er:

Eigenandel ved reise i samband med tannlegebesøk kr. 146,- ein veg. Kr. 292,- retur.

Ved bruk av privatbil er kilometergodtgjersla kr. 2,40 per km. Er det behov for å ha med ledsager vert satsen auka med 0,45 til kr. 2,95 per km.

Tapt arbeidsforteneste vert dekt med kr. 120,- per time og inntil kr. 960,- per dag. Det må dokumenterast at vedkomande har blitt trekt i lønn av arbeidsgjevar.

Her finn du skjema for skyss for prioriterte grupper

Her finn du skjema for godtgjersle for tapt arbeidsfortjeneste


fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk