Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinterhelsing frå rådmannen

Litt glatte vegar, snoslafs, regn, sludd og sno i skifte frå den eine dagen til den andre har blitt nokså vanleg også i Fyresdal. Med tilfrosne myrar og gode isar på vatna kan vi likevel få ein flott vinter utetter.

Kva er det vel betre folkehelse i enn å kome seg ut i naturen. Treng ikkje vere lange turen, men eit kaffibål kan verme på mange vis.

To år med innstrammingar i kommunen sitt driftsbudsjett har gitt resultat. Det har gitt optimisme og planane om å bygge eit fleirbrukshus synest på nytt å vere innanfor rekkevidde om ein når målet om å setje av nødvendige driftsmidlar for dei første åra etter at huset er bygd.

Det nye kommunehuset i Fyresdal Næringshage er kanskje det tydelegaste dømet på at Fyresdal på nytt går sine eigne vegar i ei tid der både kommunar, fylkeskommunar og fylkesmann skal slåast saman til større einingar. Nærpolitireform, færre lensmannskontor som kan skrive ut pass, endringar i beredskap, endringar i bank, redusert opningstid ved NAV – og alt dette skal bare bli betre, men for kven?

Politiet skal vere meir på hjul. Kontor i bilen heiter det. Breibandutbyggingar og utbygging av DAB-nett der full kommersiell utbygging er akseptabelt når 92,8 % av befolkninga er nådd. Skal lure på kor den siste delen av befolkninga på 7,2 % bur?

Slik kan ein vel halde fram med å ramse opp endringar i samfunnet. Ja, det er nedlegging av arbeidsplassar og flytting av arbeidsplassar mot meir sentrale strøk, men ikkje alt er like gale. Post i butikk er eit døme som langt dei fleste er godt nøgde med. Alt går seg til og etter kvart gløymer ein kanskje slik det var. Samanslåing av sosialtenesta, A-etat og trygd var ei stor endring for mange. Eit tilbod som nettopp har fungert aller best ved dei små kontora. 

Det er ei utfordring at statleg iver etter å gjennomføre reformer er i utakt med mange grupper offentleg tilsette som skal gjennomføre endringane. Eit døme på dette finn vi den norske skulen der den eine reforma avløyser den andre. I Finland der skulen både har status og gode læringsresultat gir staten rammene, men lærarane definerer innhaldet. Ein må undras når staten fortel at kommunane skal få fleire oppgåver samstundes som statsbyråkratiet veks meir enn nokon gong. Ja, det er lett å forstå at alle som flytter til Oslo må ha arbeid og då kan jo nokon av desse brukast til å fortelje oss ute i kommunane korleis vi skal løyse oppgåvene. Med oppgåver følgjer også ansvar. La kommunane få dette ansvaret og skap det handlingsrommet som skal til for at tenestane skal bli betre. Det gjer ein ikkje med eit stadig veksande statsbyråkrati.

Så litt tilbake til Fyresdal. Vi har dei aller beste resultat på nasjonalt nivå innan omsorg. Nyleg vart det gjennomført eit tilsyn frå fylkesmannen som omfattar vårt integreringsarbeid. Som kjent har Fyresdal også her gått eigne vegar med at det er Telemark Lys som gjer dette arbeidet for kommunen. Fylkesmannen fant ikkje noko avvik, som er svært vanleg å finne ved dei fleste tilsyn. Det er difor med glede eg kan gje dei tilsette med Telemark Lys æra og takke dei for at Fyresdal kommune, saman med tilsette ved bla. skule, barnehage, helse og teknisk tek imot våre nye landsmenn på ein skikkeleg god måte. Det aller flottaste er likevel at vi som innbyggjarar tek dei i mot på ein måte som gjer til at dei trivst og har det godt.

Utfordringane våre frametter blir å skape nye arbeidsplassar. Forventningar til eit fleirårig program som omstillingskommune er difor store. Vi har nå tre nye hus under oppføring og ved å skape fleire arbeidsplassar håpar vi at dette kan gje rom for fleire nye hus når det nye bustadområdet i Sørbygda kjem til sommaren. Å fylle opp ledige kontor i Fyresdal Næringshage blir ein viktig del av dette arbeidet, men vekst i lokale verksemder og moglege nyetableringar er minst like viktig. Difor er det gildt at mange verksemder i kommunen alt deltek i arbeidet med omstilling for å få eit godt fundament for å lykkast med å skape nye arbeidsplassar.

Arbeidet med å utvide samarbeidet mellom kommunane i Vest-Telemark held fram innan fagområda IKT, landbruk/miljø, økonomi, kraftsaker, næring/reiseliv. Ein forventar resultat frå dette i løpet av tidleg haust med mogeleg iverksetting frå neste år av.

Året 2017 blir eit år fylt med utfordringar og oppgåver som vil involvere mange; tilsette i kommunen, tilsette i bedrifter, innbyggjarar og politikarar.
Kommunestyret har lagt eit godt fundament for å lykkast ut frå dei føresetnadane vi kjenner i dag.

Eg ynskjer alle eit godt nytt år med mykje samarbeid som gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar gjer Fyresdal til ein framifrå stad å bu og virke.

Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk