Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar

Frå 1. oktober 2017 er det innført ei tilskotsordning der staten dekkjer heile eller delar av kostnaden ved å behandle kasserte fritidsbåtar, i tillegg til at båteigar får ei utbetaling på kr. 1 000,- per fritidsbåt for å levere den til avfallsbehandling.

Mindre fritidsbåtar opptil 15 fot (4,57 meter) kan leverast gratis til følgjande betjente avfallsmottak:

- Brunkeberg: Måndag, tysdag, onsdag, fredag kl. 08.00-14.30, torsdag kl. 08.00-19.00
- Skårmoen: Måndag kl. 14.00-19.00
- Vistadmoen: Tysdag kl. 14.00-19.00
- Hovdestadmoen: Onsdag kl. 14.00-19.00

Ordninga gjeld ikkje for fritidsbåtar med innanbordsmotor, aluminiumskrog eller for kjøl og innvendig ballast i metall. Båten skal ikkje innehalde avfall og forureiningar som ikkje er ein normalt del av ein fritidsbåt. 

Tilskotsordning kr. 1000,- per fritidsbåt, kva må ein gjere?

- Den som leverer fritidsbåten må ta med skjema for kasserte båtar til mottaket for å få stadfesta at båten er levert, alle felt i skjemaet må fyllast ut.
- Det må leverast eitt skjema per båt. Skjemaet skal leggas ved søknad for refusjon. Ein søker om refusjon på Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Søknader utan eller med ufullstendig utfylt skjema for stadfesting, vil ikkje bli handsama.

Søknadsfrist

Det må søkas same år som båten kasserast, i perioden 1. januar til 1. desember kvart år. 

Treng du hjelp?

Spørsmål kring innlevering av fritidsbåtar kan rettast til Renovest IKS, tlf. 35 06 80 00 eller e-post post@renovest.no.

Spørsmål kring tilskotssøknad rettas til Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post esshjelp@miljodir.no.

Du finn meir informasjon på Miljøverndirektoratet sine sider

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk