Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Barnehageplass

    Generelt

    Er barnet født mellom januar og juli har det rett til barnehageplass i august året dei fyller eitt. Fyller barnet eitt år i august, september, oktober eller november har det rett til barnehageplass månaden dei fyller, mens dersom barnet er fyller eitt år i desember, har ikkje barnet rett til barnehageplass før fyrstkomande august.
     
    Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eige formål, opptakskrins, opptakskriterium og eigarform.

    Målgruppe

    Barn 0 til 6 år som bur i kommunen.

    Vilkår

    Desse blir prioriterte ved opptak:

    • Barn med nedsett funksjonsevne
    • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
    • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

    I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

    Pris

    Maksimalpris
    Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. august 2019 er 3 040 kroner per månad.
     
    Har du fleire barn i barnehagen?
    Dersom du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får reduksjon i foreldrebetalinga. Det blir kalla søskenmoderasjon. Du skal få søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar, og i barnehagar med forskjellige eigarar.
    Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.
     
    For deg med låg inntekt
    Det er to ordningar for hushald med låg inntekt:
     
    Reduksjon i pris
    Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.
     
    Gratis kjernetid
    Alle familiar med lågare samla inntekt enn 548 500 kroner har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.
     
    Søk på eige skjema for redusert betaling og gratis kjernetid.

    Brosjyrer


    Partnarar

    • Helsestasjonen
    • PPT
    • Barnevernet

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Liv Johre BakkeBarnehagestyrar Fyresdal barnehage35 06 71 80977 60 221Send Epost

    Kontaktavdeling

    Fyresdal barnehage

    LederBakke, Liv Johre
    Telefon35 06 71 80
    E-postpostmottak@fyresdal.kommune.no
    PostadresseKlokkarhamaren 6 3870 Fyresdal
    BesøksadresseLandstadvegen 30 3870 Fyresdal

    Lovar og retningsliner

    Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

    Sjå
    Barnehageloven § 7, § 8, § 9, § 12, § 12a og § 13.
    Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
    Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du søkjer via eit søknadsskjema til kommunen.

    Det finnes eigne skjema for redusert betaling, gratis kjernetid og syskenmoderasjon.

    Skjema

    Vedlegg

    Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

    Søknadmottakar

    Fyresdal kommune
    Postmottak
    3870 Fyresdal

    www.fyresdal.kommune.no

    Behandling

    Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Du skal meldast skriftleg om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass.

    Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen. Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria.

    Dersom du ikkje har fått tilbod om plass, skal du få skriftleg melding om dette. Samtidig skal du få melding om at du kan krevje ei grunngiving for avgjerda, at du har rett til å klage og fristen for å klage.

    Dersom barnet ditt har rett til prioritert plass og du ikkje har fått tilbod om plass, har du rett til ei skriftleg grunngiving, melding om retten din til å klage og fristen for å klage.

    Høve til å klage

    Du kan klage dersom
    • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
    • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken første eller andre ønske.
    Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.
     
    Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

    Merknadar


  • Dagmamma - godkjenning

  • Familiebarnehage - etablering og drift

  • PP-tenesta

  • Skulestart

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk