Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Tilskott til økologisk landbruk inngår i produksjonstilskottet og omfattar tre ordningar:

    • omleggingstilskott (eingongstilskott som blir gjeve ved omlegging)
    • arealtilskott (årleg tilskott til areal som er lagt om til økologisk drift)
    • tilskott til økologisk husdyrproduksjon

    Føremålet med å yte tilskott til økologisk landbruk er å stimulere til å leggje om til og oppretthalde økologiske driftsformer. Tilskotta skal gjere sitt til å kompensere for auka kostnader og avlingsnedgang i den økologiske drifta og medverke til å auke produksjon av økologiske landbruksprodukt.

    Målgruppe

    Landbruksføretak

    Vilkår

    Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket. Det vil seie at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret, og

    • anten vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak, 
    • eller ha ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 dei siste tolv månadene før registreringsdato for søknaden

    Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein kontroll- og godkjenningsinstans som fører tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Føretak som har søkt om tilskott tidlegare, får tilsendt søknadsmateriell. Andre føretak må vende seg til kommunen.

    Søknadsfrist

    15. mars er søknadsfrist for tilskott til økologisk husdyrproduksjon.

    15. oktober er søknadsfrist for tilskott til økologisk areal og husdyr.

    Det ligg søknadsskjema på altinn.no.

    Behandling

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

    Merknadar

    Som søkjar pliktar du å gje dei opplysningane som blir kravde og godta dei kontrolltiltaka som blir iverksette.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk