Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytt til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.

    Målgruppe

    Landbruksføretak

    Vilkår

    Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott. 

    Partnarar

    Fylkesmannen utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Landbruksdirektoratet godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.

    Vedlegg

    For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.

    Behandling

    Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Landbruksdirektoratet klageinstans.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk