Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Dersom du tek imot tenester frå den kommunale eldreomsorga, skal du så langt det er mogleg få eit verdig tenestetilbod som er tilpassa dei individuelle behova dine. Du har sjølvråderett og skal møte respekt for den du er og for livsførselen din. Ein skal ta omsyn til

    • at du har ei buform som er riktig ut frå ditt behov og din tilstand
    • at du har eit variert kosthald og tilpassa hjelp ved måltid
    • at du har eit mest mogleg normalt liv, med ein normal døgnrytme og høve til å komme ut i friluft og få nødvendig hjelp til personlig hygiene
    • at du får tilbod om samtalar om eksistensielle spørsmål
    • at du får lindrande behandling og ein verdig død
    • at du held ved lag eller aukar høvet til å fungere i kvardagen
    • at du får forsvarleg oppfølging av lege og anna personell
    • at du får einerom dersom du bur på ein helseinstitusjon

    Målgruppe

    Eldre

    Vilkår

    Du tek imot omsorgstenester etter helse- og omsorgstenesteloven eller lov om sosiale tjenester i Nav. Det kan til dømes vere heimehjelp, heimesjukepleie eller sjukeheimsplass.
     

    Brosjyrer

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Høve til å klage

    Du kan klage på at dei individuelle behova dine ikkje blir tekne vare på eller på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Etter pasient- og brukarrettigheitslova kan du òg klage direkte til helsetilsynet i fylket.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk