Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester på same måten som alle andre.

    Målgruppe

    Spesiell merksemd og oppfølging skal gjevast til asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte frå område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar eller som til dømes

    • har vore utsette for tortur og andre alvorlege traume
    • ikkje har familie/nettverk
    • er mindreårige og kjem aleine til Noreg
    • er gravide
    • er einslege forsørgjarar
    • har vore utsette for valdtekt eller annan seksualisert vald
    • er kjønnslemlesta eller står i fare for å bli det
    • har (teikn på) psykiske problem

    Vilkår

    For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.

    Pris

    Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.

    Brosjyrer

    Lovar og retningsliner

    Dette er lovpålagde tenester. Sjå:

    Helse- og omsorgstjenestelova kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester 
    Pasient- og brukerrettighetslova § 2-1b Rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.

    Høve til å klage

    Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

    Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk