Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Barnevernstenesta skal

    • leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
    • starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova 
    • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte

    Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born blir utsette for grov omsorgssvikt.

    Lovar og retningsliner

    Sjå barnevernlova §§ 4-2, 4-3, 6-4, 6-7 og 6-7a.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan melde frå til barnevernstenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga di kan òg vere anonym.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk