Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Er du pårørande til ein pasient med psykiske lidingar eller rusmiddelproblem? Er du familie til eit barn med nedsett funksjonsevne? Er du pårørande med omsorgsoppgåver og treng avlasting?

    Kommunen har plikt til å tilby tenester spesielt for pårørande.

    Helsepersonell har teieplikt, men du har likevel rett til å få informasjon om for eksempel:
    • kontaktinformasjon til helsetenesta
    • rutinar, tilsette og tilbod 
    • moglegheita til å søkje om hjelpemiddel, velferdsteknologi, osb.
    • lovverk, saksbehandling og rettigheiter 
    • tilbod til pårørande, barn og vaksne
    • informasjon om brukar- og pårørandeorganisasjonar
     
    Pasientar over 16 år må gje samtykke til at pårørande skal få vite om helsetilstanden til pasienten. Det samme gjeld innsyn i pasientjournalen. Dersom pasienten har gjeve samtykke, kan du som næraste pårørande få vite om pasienten sin helsetilstand, diagnose og behandlingsutsikter.
     
    Pasienten kan også bestemme at berre visse opplysningar skal gjevast. I nokre tilfelle kan sjølve situasjonen tilseie at dei pårørande skal ha informasjon sjølv om pasienten på førehand ikkje har gjeve samtykke til det.
     
    Ved behandling av pasientar som ikkje sjølv kan ta vare på sine interesser, har dei næraste pårørande rett til å bli informert.
     
    Kommunale tenester som t.d. praktisk bistand, og velferdsteknologi som t.d. varsling og lokaliseringsutstyr, kan bli gjeve som avlasting for deg som omsorgsgjevar. 
     
    Avlastingstiltak er gratis. Kommunen kan ikkje krevje eigenbetaling for avlasting. Dette gjeld også praktisk bistand, tilbod på dagsenter eller korttidsopphald på institusjon, det vil seie tenester med avlastande effekt som det ellers kan bli kravt eigendel for.
     
    Dersom du har krevjande omsorgsarbeid, til dømes for ektefellen din eller barn, kan du søkje om omsorgsstønad frå kommunen.

    Lovar og retningsliner

    Lover

    • Spesialisthelsetjenesteloven § 2-1a, § 3-7a, § 3-8
    • Helsepersonelloven § 10, § 10a og § 10b
    • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5, § 2-8, § 3-1, § 3-3, § 3-4, § 7-2
    • Helseforetaksloven § 35
    • Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, § 3-6 § 3-10, § 3-2, § 11-2

    Forskrifter

    • Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7, § 8
    • Helsestasjons- og skolehelsetjeneste § 2-3

    Sjå spesielt helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 Kommunens ansvar overfor pårørende.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk