Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Bustadtilskott til etablering

  • Bustadtilskott til utbetring/tilpassing

  • Bustønad

  • Kommunal garanti for lån

  • Kommunalt lån (sosiallån)

  • Kvalifiseringsprogram

    Generelt

    Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg som ikkje greier å delta i arbeidslivet, men som heller ikkje har ein medisinsk diagnose som gjev deg rett til trygd. Programmet blir utforma i samarbeid med deg. Det skal innehalde arbeidsretta tiltak, men kan òg innehalde andre tiltak. det kan setjast av tid til medisinsk behandling, opptrening og eigenaktivitet i programtida. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Mens du deltek i programmet, får du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.

    Målgruppe

    Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å komme ut i arbeid

    Vilkår

    Du er i yrkesaktiv alder, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært avgrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdlova og arbeidsmarknadslova.

    Brosjyrer

    Informasjon om kvalifiseringsprogrammet finn du på lenka under. Du kan òg vende deg til Nav-kontoret.

    Partnarar

    På Nav-kontoret arbeider dei tilsette saman for å finne fram til heilskaplege og individuelt tilrettelagde løysingar. Deltakarane skal ha tett og koordinert hjelp. Dei tilsette samarbeider derfor med næringsliv, helsevesen, frivillige organisasjonar, osv. Samarbeidspartnarane vil avhenge av innhaldet i programmet.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Wrålid ÅseRettleiar55 55 33 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    NAV Fyresdal

    LederFrantzen, Solbjørg
    Telefon55 55 33 33
    Telefaks35 04 16 02
    Nettadressehttp://www.nav.no
    PostadresseKlokkarhamaren 6 3870 Fyresdal
    BesøksadresseKlokkarhamaren 6 3870 Fyresdal

    Lovar og retningsliner

    Kvalifiseringsprogrammet er ein lovpålagd rett. Sjå blant anna sosialtenestelova kapittel 5.

    Søknadsprosessen

    Behandling

    Nav-kontoret skal sikre at saka di er så godt opplyst som mogleg før saka blir avgjort. Ein skal vurdere konkret og individuelt kva for opplysningar som er nødvendige for å behandle saka og korleis desse skal dokumenterast. Opplysningane skal så langt som råd innhentast i samarbeid med deg. Søknaden skal vurderast individuelt, og både godkjenning og avslag skal vere grunngjeve i eit vedtak. Kvalifiseringsprogrammet skal starte seinast seks månader etter at du har levert søknaden. Før start skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering.

    Behandlingstid

    Nav skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Nav-kontoret skal hjelpe dei som treng hjelp til å få utforma klage. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Omsorgslønn

  • Sosialtenester for innsette i fengsel

  • Økonomisk rådgjeving - gjeldsrådgjeving

  • Økonomisk sosialhjelp

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk