Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Avlasting

  • Brukarstyrt personleg assistanse

  • Dagtilbod - aktivitetstilbod

    Generelt

    Bur du heime og har behov for å komme deg ut av eit isolert tilvære? Eller har pårørande behov for avlasting? Eit dagtilbod gjev deg moglegheit for å delta på ulike aktivitetar eller rehabiliteringstiltak.

    Målgruppe

    Eldre, funksjonshemma, personar med psykiske lidingar, o.a.

    Vilkår

    Du bur heime og har ikkje andre tilbod.

    Brosjyrer


    Partnarar


    Lovar og retningsliner

    Dagtilbod er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett til tenesta etter lov om sosiale tjenester i Nav. Sjå blant anna sosialtenestelova § 12.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dagopphald, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt..

    Vedlegg

    Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon andre som søkjer for deg.

    Behandling

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen (dersom tenesta blir gjeven etter sosialtenestelova) eller til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk