Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Landbruksveg - bygging

  • Parkeringsløyve for rørslehemma

    Generelt

    Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

    Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

    Målgruppe

    Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Siv Skeimo SeltveitSpesialsjukepleiar35 06 71 67905 16 237Send Epost

    Kontaktavdeling

    Avdeling pleie og omsorg

    LederVeum, Anne
    Telefon35 06 71 67
    E-postpostmottak@fyresdal.kommune.no
    PostadresseKlokkarhamaren 6 3870 Fyresdal
    BesøksadressePrærien 23 3870 Fyresdal

    Lovar og retningsliner

    Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. 
    Sjå forskrift om parkering for forflytningshemmede og parkeringsforskriften § 33.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Når du søkjer om parkeringsløyve, må du leggje ved legeattest og bilete.

    Skjema

    Vedlegg

    Legeattest og bilete.

    Søknadmottakar

    Fyresdal kommune
    Klokkarhamaren 6
    3870 Fyresdal

    postmottak@fyresdal.kommune.no

    Behandling

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Reklameskilt langs veg

  • Skuleskyss

  • Vegvedlikehald

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk