Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Visit Fyresdal

Kulturopplevingar

Det kulturelle mangfaldet i dalen er rikt, med røter tilbake til vikingtida. Historiske funn som vikinggraver og steinar med runeinskripsjonar, dokumenterer tidleg busetjing i bygda. Bygdefolket, saman med våre gjester, feirar og ærar våre forfedrar med fleire tradisjonsrike og spanande arrangement gjennom året.

Lokale aktivitetar

Når du kjem til Fyresdal, oppmodar vi deg til å bruke mykje av tida di ute. Naturen er ekte, variert og typisk norsk – og inviterer til minneverdige utandørs aktivitetar. I menyen til venstre presenterer vi ulike alternativ slik at du kan utforske vår spanande villmark.

Overnatting

Fyresdal har eit spanande og variert tilbod av overnattingsplassar. Ei hytte aleine med vakker utsikt over vatnet, ein gammal gjestegard eller på eit vertshus i sentrum. Valet er ditt!

Servering

Bruk av lokale råvarer er sentralt for mattradisjonane i Fyresdal. For besøkande resulterar dette gjerne i nye, spennande smaksopplevingar. Nokre av serveringsstadane har sin eigen lokale spesialitet, til dømes kjøt frå elg, rådyr eller lokal fisk, med sjølvplukka bær frå skogane i dalen til dessert.

Velkomen skal du vere!


Turist

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk