Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kyrkjene i Fyresdal

Vi har to kyrkjer i Fyresdal: Veum kyrkje frå 1863 og Moland kyrkje frå 1843. Desse ertstatta dei gamle trekyrkjene som vart rivne. I 2013 feira Veum kyrkje 150 år og Moland kyrkje 170 år. 


Kristendomen kom til Øvre Telemark kring år 1000. Dei eldste kyrkjene vart bygde med stolpar rett i jorda. Det kan ha vore fleire stolpekyrkjer i Fyresdal som forsvann på 1100- og 1200 talet. 

Så kom stavkyrkjene: Moland, Heggland, Veum, Skafså og Mo. Før svartedauden i 1350 hadde kvar kyrkje sin eigen prest, og det var messer eller tidebøner nesten kvar einaste dag. Etter svartedauden vart heile området samla under ein prest. I 1769 vart Mo og Skafså skild ut som eige kyrkjesokn.

Stavkyrkjene forsvann på 1600- og 1700-talet og det kom tømmerkyrkjer i staden: Moland i 1665, Heggland i 1671 og Veum i 1727. Så vart også desse borte med dei nye kyrkjene på 1800-talet: Moland i 1843 og Veum i 1863.

Kyrkjene forsvann og gjenstandane spreidde seg. Mange vart borte, andre fekk nye heimar og bruksområde; i dei nye kyrkjene, på museum og rundt om på gardane.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk