Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Litt historie fyrst

Det har budd folk i Fyresdal i alle tider. Spor etter busetnad som går lenger tilbake enn 3000 år før vår tid, er funne og registrerte. 
Kanskje busettinga er komen frå vest, frå Rogaland. Namnet har vore tolka på mange vis. Nokon har festa seg ved at det fyrste vatnet ein møter når ein kjem frå vest er "Fyrisæ" - "vatnet som ligg fram framom". Andre meiner at namnet kjem av ordet "Fure" Furudalen. Derfor heiter dalen Fyresdal. 
 
Historiske spor i Fyresdal 

Registrering av mange jarvinningsplassar frå vikingtida 110 e.kr. og frå Romersk jarnalder 500 f.kr.og 300 e.kr. Fram til no er det registrera 9 hus frå før Svartedauden (1349) og 15 hus mellom Svartedauden og reformasjonen (1537). Rosemålinga blomstra i Fyresdal likeeins som andre stader i Telemark, med Nikuls Gunnarson Buiene (1789-1852) og Leiv Aslestad (1772-1846), som nokon av dei sterke namna. Fela let også i dalen med særeigne drag og namngjetne utøvarar, slik som den mest kjende, Petter Veum (1811-1889). Kvinnene har vore flinke til å veve og saume, og den gamle draktskikken i Fyresdal kan måle seg med det beste i Vest-Telemark. Fyresdølane har frå gamalt vore dyktige handtverkerar. Dei kunne tømre, snekre og smi både jarn og sylv.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk