Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Olsok

Olsok den 29. juli blir feira i Noreg til minne om slaget på Stiklestad i år 1030 der Olav Haraldson blei drepen. 

 
I Fyresdal har vi hatt organisert feiring av Olsok den siste helga i juli kvart år sidan 1992. Her er det då Olsok-spel, konsertar, gatefrukost, utstillingar, teater og mange andre aktivitetar i Folkestadbyen. Helga vert avslutta søndag med utandørs messe på Heggland gamle kyrkjegard med påfølgande utfart.

I april 2015 fekk kulturkonsulenten i oppdrag frå kommunestyret å jobbe vidare med eit nytt kulturelt arrangement, «Skeidet». 

"Skeidet" skal erstatte Olsokdagane, som fram til no har vore Fyresdal kommune sitt kulturelle hovudsatsingsområde.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk