Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Russvassdammen

Fløyting av tømmer i Fyresdal hadde gått føre seg i meir enn 400 år då dette vart lagt ned i 1971. Fardøl vart innlemma i Fellesfløytinga i 1860. Russdammen er eit imponerande byggverk av hoggen (kila) stein med to opningar. Noverande steindam er frå 1893. Russvassdammen er ein såkalla nåledam. 


Russvassdammen i Borrgrend er ein imponerande fløytingsdam der treverket er restaurert. Samtidig er vegetasjonen nær dammen rydda slik at dammen vert synleg i terrenget. Ved Borggrendsvegen der det står informassjonskilt, går det ein tilrettelagt stig til dammen. 

Ved dammen står det eit skilt nr. 2 som informerer om tømmerfløytinga. Ein kan så gå over dammen og vidare til skogsbilveg. Ved å følgje den til venstre kjem ein attende til Borggrendsvegen. Der tek ein til venstre og kjem attende til parkeringsplassen. 

Heile turen er på ca. 1,5 km. Ein kan nytte vanlege joggesko e.l. til fottøy.

Korleis finne fram til Russvassdammen

Frå Fyresdal sentrum køyrer ein nordover ca. 1,8 km på FV 355 til Verpet vegkryss. Ta til venstre retning Birtedalen. Etter 10 km ta veg til høgre merka Borggrend. Etter 6 km vil ein sjå opplysningstavle på venstre hand. Parkering på høgre hand.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk