Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Trollholene

Trollholene ligg i ein liten "kvæv" innafor Lomekilen, i Kilegrend, som er ei bukt ved det austre utlaupet av Fyresvatn. Desse karakteristiske holene vart forma i slutten av istida då ismassene smelta og landet etter kvart heva seg. Holene er sprengd og grave ut av vatn og is.

Den fyrste gudstenesta vart halden her i 1911. Folk skal ha kome i hopetal til messa i robåt over vatnet. Seinare fylgde ei pause i messene fram til 1988. No er gudsteneste i holene blitt ein årleg tradisjon.  

For meir informasjon om turen til Trollholene besøk turistinformasjonen og få med deg ein eigen vandreguide for området.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk