Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Avslappande strandliv


Når du besøker Fyresdal om sommaren, vil du oppleve eit annleis, men ekte sommarparadis mellom høge fjell og grøne skogar. Fyresvatn tilbyr kvite strender og klart vatn.

Dei fleste områda for bading er lett tilgjengelege og er populære både blant bygdefolket og dei besøkande.  

- Ved brygga i sentrum finn du "bryggeparken" med strand, vatntrampoline, grillar og strandvolleyballbane. Offentleg toalett tilgjengeleg utanfor næringshagen (austfløyen).

- Heilt i nordenden av Fyresvatn finn du Stykkjevika, ei 700 meter lang "sydenstrand". Her er langgrunt og ypperleg for både små og store badeløver. Utedo tilgjengeleg.

- Ønskjer du din eigen private stad for å nyte sola og vatnet, er det mange bortgøymde perler å finne. Leiger du deg ein kano, kan du til dømes padle til ein av dei små øyane som ligg i innsjøen.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk