Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fiske


Med 392 vatn og innsjøar som dekkjer 12% av det totale arealet i Fyresdal, er moglegheitene for ein vellykka fisketur store. Aure er den vanlegaste fisken, og denne finn du i meir enn 90% av fiskevatna.

Fiskekort

Kommunen er dela inn i 5 fiskekortområde organisert i Fyresdal Fiskefond. Desse områda har eit felles fiskekort. Den som vil fiske må bestemme seg for kva kortområde han ønskjer å fiske i. Mot eit lite tillegg i prisen kan ein med same kortet fiske i meir enn eitt område. I tillegg til den delen av kommunen som er organisert i Fyresdal fiskefond er det også eit par område med eigne fiskekortordningar. Under omtala av kvart enkelt fiskeområde finn du informasjon om kva for fiskekort du treng og kor du får kjøpt det.

Fiskeguide for Fyresdal

Fiskesoner i Fyresdal

Kjøp fiskekort på inatur

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk