Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ski


Til alle tider har nordmenn gått på ski, også i Fyresdal. I "gamle dagar" laga vi eigne låmer, og jorda på gardane var som eit korsstingsbroderi av skiløyper. Men tidene endrar seg og preparerte løyper er meir eller mindre blitt eit krav i tida. 

Vil du har meir informasjon, ta kontakt med turistinformasjonen. Her finst både brosjyre og kart som viser kor du finn løypene. Løypene har ulik vanskegrad og tek oss med frå dalbotnen og opp til snaufjellet. Løypene er køyrde med snøskuter og spormaskin (ljosløypa på Veum) kvar helg i vinterhalvåret med atterhald om vêr og snøtilhøve. Så kom deg opp av "godstolen", spenn på deg skia og nyt den vakre og flotte naturen vi har i Fyresdal!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk