Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tone og Tors Hytteutleige

Uppistog

Heile året. Heimekoseleg, eldre hytte som ligg på garden Lie i gammalt naturlandskap. Hytta ligg fint til i skogkanten med flott utsyn over dalen. Flott turterreng. Jakt på småvilt, fugl og rådyr, totalt ca. 5000 da. Sengeplass til 5 personar, sofa i stoga. Stoge med kjøkkenkrok, innlagt varmt/kaldt vatn, elektrisk straum, kjøleskap, komfyr, vedomn/peis, dyner/puter, utedo.

Berstøylen

Ein gamal støylsbu som tilhøyrer Uppistog. Berstøylen, kan gjestene nytte gratis. Berstøylen er ein gammal lafta støylsbu frå 1890, som ligg ca. 700 m.o.h. Ca. 30-40 min. gangveg i bratt terreng. Koseleg opphaldsrom m/sofakrok. Sengeplass til 3 personar. Hyggeleg spisekrok. Propan, puter/dyner, utedo. Flott turterreng, med høve til bading og fiske. Støylen tilhøyrer Uppistog Lie og er ein del av tilbodet.

Haugeheia

Koseleg hytte inne på Haugeheia i Hegglandsgrend nord for Fyresdal sentrum. Bilveg heilt fram. Flott turterreng. To soverom, gang, bod, kjølekjellar, stoge og kjøkken, sengeplass til 5 + ei reiseseng til voksen. Ikkje straum, men aggregat, ikkje innlagt vatn, kran m/vatn ved hytteveggen. Snurredo i eget uthus. Tv/dvd går på aggregat, egen gasskomfyr med 4 bluss og steikeovn. Røyking og husdyr ikkje tillete. 
 
Tone og Tor Skræi
3870 Fyredal
Tlf. 35 041 508 / 908 40 944 / 992 69 569 
t-skra@telefiber.no

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk