Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Turistinformasjon

Sist endret: 26.01.2016Kontaktavdeling: Kultur

Juni, juli og august

Turistkontoret i Fyresdal finn du i Sporten i Fyresdal sentrum. Her får du gode råd og hjelp til det meste; kjøp av fiskekort og informasjon om kor fisken bit, finne det husværet du er ute etter, råd og tips om kva som er verdt å sjå på og å gjere, hjelp til å legge opp rundturar, brosjyrer og anna skriftleg materiell om bygda, Telemark, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet.

Opningstider og anna informasjon om Sporten Fyressal finn du her 

Kontakt turistkontoret / Sporten Fyresdal

Telefon 350 41 455 

E-post turist@fyresdal.kommune.no 

Utanom sesong

I perioden 1. september-31. mai er det Fyresdal kommune og sentralbordet som i utgangspunktet fungerer som turistkontor. Du vil likevel få både hjelp og brosjyrer dersom du vender deg til Sporten Fyresdal i denne perioden. 

Kontakt Fyresdal kommune

Telefon 35 06 71 00
E-post turist@fyresdal.kommune.no

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk